22. april 2012

ANZAC-kjeks

Det heile byrja med Brittany si gebursdagsfest.

Det var april 1999, og saman med nokre klassevenar leika eg 'Cowboy og Indianarar' i hagen hennar. Me hoppa frå hagemuren og gøymte oss bak trer. Eg har aldri likt heltar og ''snille'' folk – skurkar og hekser har alltid vore meir fascinerande – så eg var ein stor og stygg indianarhøvding. Veninna mi Tabea var min indianarson, og Brittany var anten kona eller dottera mi. Eg hugsar ikkje kva ho var, og det er for så vidt ikkje viktig heller. Resten av klassen – omlag ti til tolv stykke – var cowboyar. Kanskje du synest det er rart at tre indianarar kjempa mot ei gruppe cowboyar fire gonger større. Kanskje ikkje. Saken var at Tabea og eg var mykje meir valdelege/galne/ville på den tida, og no underdriv eg nesten! Gruppene var eigentleg skjønt jamne på den måten, for indianargruppa mi var dødsflinke i å angripa. Det var eit fantastisk slag – valdeleg, men ærefullt. Men etter at eg hoppa på cowboyleiaren, og prøvde å skalpera han med eit blad, syntest mora til Brittany at leiken hadde gått for langt.


''Har de lyst på kjeks?''

Alle såg opp med ein gong. Mora stod ved døra, og heldt på ein tallerk med kjeks. I byrjinga kunne eg ikkje skjøna koss kjeks utan sjokolade kunne vera gode på nokon måte, men eg var nysgjerrig og tok meg ein. ''Kva i all verda heitar dei?'' spurte eg mora. Ho smilte og fortalde meg at det var Anzac-kjeks, tradisjonelle australske kjeks som vert laga kvar 25 april. Tabea, i si uendeleg klokskap, forstod ikkje koss kjeksen kunne vera god om australiarane berre laga han éin gong i året, men me ville ikkje vera uhøflege heller. Etter éin bete var eg hekta. Kjeksen var knallgod. Berre nokre minutt seinare var Tabea og eg tilbake på kjøkkenet, men ein ny kjeks i kvar si hand. Og på null komma niks var me dekte med kjekssmular, med havregryn i håra og kokos på kjolane. Me gjekk glipp av kakene, snopet og iskremen, men det gjorde ingenting. Me hadde kjeks, og kjeksen var fantastisk. Faktisk så var han så god, at me nesten gløymde at me hadde vunne slaget. Nesten.

 
Eg kjem aldri til å gløyma det selskapet. Ei heller kjeksen. Då ei australsk utvekslingsstudent kom på skulen min i fjor, kunne eg ikkje dy meg. Eg måtte spør etter ei oppskrift på Anzac-kjeks. Etter så mange år utan, ynskte eg ikkje å prøva ei tilfeldig oppskrift – det måtte vera ei australsk. Brittany og mora hennar sine kjeks var jo australske, så det virka logisk å halda standarden. Etter tretten år, fem skular, tusenvis av kjeks og gebursdagsfestar og tre transkontinentale flyttingar, synest eg at desse kjeksane framleis noko av det beste kjeksverda har å by på :)


Ha ein strålande Anzac-dag på onsdag! 


ANZAC-kjeks

Litt om historia bak kjeksane. Anzac tiles var gidd istaden for brød til soldatar frå Australia og New Zealand under fyrste verdskrig. Dei var så harde at soldatane måtte knusa Anzac tilesane til pulver for å kunna tyggja dei utan å brekka kjeven. Heldigvis hadde soldatane mødre, koner og kjærastar heime som syntest det var teit at gutane ikkje fekk i seg skikkeleg mat, så dei utvikla denne kjeksen soldatane kunne eta i staden. Ingrediensane – havregryn, sukker, mjøl, kokos, smør, sirup og natron – vart brukt fordi dei tolte den lange reisa frå Oseania til Gallipoli i Tyrkia eller vestfronten i Frankrike. For same grunn vart difor ikkje egg brukt.

*Ingrediensar*
90 g. havregryn
150 g. mjøl
155 g. brunt sukker
40 g. kokos

125 g. smør
2 ms. lys sirup
2 ms. vatn
½ ts. natron

Varm opp omnen til
160°C. Bland havregryn, mjøl, sukker og kokos saman i ein bolle. Smelt smør, sirup og vatn saman i ei gryte. Ha i natron. Bland blandingane saman i ein bolle. Legg 1-2 teskeier av blandinga på steikebrett med bakepapir. Det skal vera omlag 5 cm. mellom kvar kjeks. Steik i omlag 10-15 minutt. Ta kjeksane av steikebrettet med ein sleikjepott, og la kolna.


____________________

Nokre notat...
  • Eg syntest at originalsoppskrifta var litt for søt, så eg tok vekk 52 gram brunt sukker. Ynsker du søtare kjeks, må du gjerna ha i meir brunt sukker.
  • I tillegg har eg hatt i ei ekstra matskei med vatn. Då vert kjeksane mjukare.
  • Du kan erstatta sirupen med lønnesirup, om du føretrekkjer det.
  • Til slutt kutta eg steiketida ned frå 20 minutt til 10-15 minutt. Kjeksane heldt seg mjuke i fleire dagar på denne måten.

2 kommentar (ar):

M sa...

eg må si eg e enig i at kjeks uten sjokolade virke "skummelt".. men frea beskrivelsen vil eg si du "overtale"meg om at de e gode :)

Marion sa...

Dei er veldig gode! :)

Legg inn en kommentar

Photobucket Photobucket Photobucket