18. april 2012

Grilla ostepizza med salat


Hei hei!

Dette vert det fyrste ''skikkelege'' posten på den norske versjonen av Ferdakost, så no er eg litt spent! Eg hadde i grunnen lagt planane om å oversetja bloggen til norsk på is, men saken er at eg kjem til å flytta til utlandet til hausten, og hadde difor lyst å behalda norsken. Ein norsk versjon av bloggen tenkte eg ville vera ein god måte å gjera det på. Håpar de likar denne versjonen òg :)

Høgdepunktet i påskeferien kom då mor spurte om ho kunne få finansiera kva enn eg ynskte å kjøpa frå Helgø Matsenter. Det er ikkje ofte eg får slike gåver, og eg skjønar framleis ikkje heilt kvifor ho plutseleg vart så gåvmild. Men eg spurte ikkje. Eg hadde lengje snakka om å dra til Helgø, og når du får ei slik sjanse, takkar du får gåva og teier stilt. Nokre dagar seinare reiste eg til butikken – fyrst med tog, og deretter ein kort gåtur. Det var så spenane, som eit eventyr, men eit eventyr som var godt for både sjela og magen.

Du må hugsa at Helgø ikkje er ein vanleg matbutikk. Her kan du finna all slags eksotisk kjøt slik som krokodille, kenguru, struts og antilope, berre for å nemna nokre val. Hallo!?! Så gild! Dessutan sel dei all slags oljer, mjøl, brød og sjømat, og det som betre er, ost. Ikkje berre ost frå mitt kjære Frankrike, men òg frå Sveits, Spania og Italia... Eg var som eit barn ved smågodtet. Det var i grunnen farleg å sleppa meg laus.

Eg sprang rundt omkring i heile butikken til eg fann ostedisken, og eg overdriv ikkje når eg seier at eg nesten fekk eit hjarteanfall. Kundane rundt meg trudde nok at eg hadde ikkje så reint få skruar lause, men dei skjønar ikkje kor lidenskapeleg eg elskar ost. Det var berre så vidt eg klarte å halda ostane i armane mine. Comté, Gruyère, Manchego, Appenzeller og fransk fromage de chèvre (geitost)... ja takk alle saman! På vegen til kassen ende dessutan nokre nøtteoljer og bokkveitemjøl på ostestabelen, men koss dei kom seg dit veit eg ikkje. Den stakkars mannen i kassen gapte då han såg kva eg sendte ned rullebandet. Eg synest litt synd i han.




Uansett, då eg kom heim laga eg denne ostepizzaen. Folk reagerer ofte når eg seier at eg likar ostepizzaer best av alt, men det er fordi mange trur eg held meg til Norvegia og tomatpuré. Off nei! seier eg til det – eg lager berre ostepizzaer når eg får tak i skikkelege ostar. Og det lovar eg deg – ostepizzaen var utruleg god! Ein varm, vedunderlig, urte- og ostesmakande, paprika-kyssa, grilla godrett. Kva er betre?

Men eg skal vera grei, og gje deg løyndommen bak ein ein suksessfull ostepizza: spansk røykt paprikapulver. Om eg skal vera heilt ærleg, er det òg løyndommen bak mykje av det eg lager. Strø paprikapulveret på pizzaen rett før du hiv han i omnen, og sjå medan smakane blandar seg ihop til mat ein filmkveld verdig. Dette er ikkje ein pizza du bør eta ofte, meir av ein slags ''ein-gong-i blant'' mat, men om du er i humør til ein ost- + brødmiddag, er dette noko for deg.

Server saman med denne enkle salaten for å få i litt næring :)


Grilla pizza
Oppskrift av © Marion Fløysvik

Denne oppskrifta er nok til seks pizzaer. Eg plar anten halvera oppskrifta, eller laga nok til to middagar. Om du ikkje har ein grill kan du godt bruka ein omngrill. Husk at du kan godt variera pizzafyllet - fyllet nedanfor er berre eit forslag. Eg anbefaler alle til å eksperimentera med pizzafyll - det er nesten like kjekt som å eta!

*Ingrediensar*
1 oppskrift pizzadeig, kjevla i seks sirklar
1 oppskrift pizzasaus
250 g. gruyèreost, raspa
200 g. comtéost, raspa

200 g. parmigiano reggianoost, raspa
250 g. appenzellerost, raspa

100 g. fransk geitost, i skiver (valfritt)
3-4 ms. kapers

150 g. grøne oliven, delt i to
4 ms. fesk basilikum, finhakka
4 ms. fersk rosmarin, finhakka
2 ms. fersk estragon, finhakka
Røykt paprikapulver
Olivenolje


Legg ein eller to pizzabotnar på ein varm grill. Er grillen stor nok må du gjerna jobba med to botnar om gongen. Pensla pizzabotnen med olivenolja, og snu botnen. Pensla den andre sida av pizzabotnen med olja. Når botnen er gylden, kan du godt snu han igjen. Smør eit tynt lag med tomatsaus på kvar pizza, og ha på resten av fyllet. Grill i i nokre minutt til, og ta or omnen. Server varm.


Enkel salat

*Ingrediensar*
To handfulle rapidsalat, reinsa og grovhakka
Ei handfull ruccolasalat, reinsa
1 tomat, hakka
2 ts. kapers
1 ts. dijonsennep
130 ml. olivenolje
Parmigiano reggiano, finraspa
3 ms. sitronjus
1 egg
Salt and pepar
Krutongar (sjå nedanfor)

Krutongar
½ baguette, i små betar
3 ms. olivenolje
3 ts. kvitlaukspulver
Salt and pepar

1.Krutongar: Varm opp omnen til 175°C. Legg krutongane på eit steikebrett, og hell olivenolje på. Smak til med kvitlaukspulver, salt og pepar. Steik i ca. 10 minutt.

2.Kok vatn i ei gryte. Ha i egget og kok i 45 sekund. Korkje meir eller mindre. Ta egget or gryta og la kolna. Bland kapersane, sennepen, sitronjuset og egget saman i ein bolle. Hell olivenolja i litt etter litt. Ikkje hell all olivenolja samstundes - då vert ikkje dressingen skikkeleg blanda! Visp dressingen medan du heller i olja. Bland grønsakene, dressingen, krutongane og osten saman i ein salatbolle.

0 kommentar (ar):

Legg inn en kommentar

Photobucket Photobucket Photobucket