14. april 2012

Vårpasta og vårsalat



Pastaretter er noko av det enklaste å laga, spesielt i helga... her har eg laga ein pasta som passe til våren – og ein salat som passe attåt!



Vårpasta
Oppskrift av © Marion Fløysvik


Denne oppskrifta er berekna på fire, eller tre veldig svoltne, personar. Eg brukte fullkornspaghetti, men du kan òg bruka eggenudlar, fettucine eller vanleg spaghetti. Når det gjeld urtene, brukte eg basilikum, rosmarin og estragon, for det er desse eg veks sjølv. Men du må gjerna bruka andre ferske urter.

*Ingrediensar*
400 g. kokt spagetti

300 ml. geitemjølk
450 g. spinat, rensa
200 g. brokkoli, rensa og skore i betar
4 ms. kapers
225 g. cherrytomatar, delt i to og bakte*

80 g. Manchegoost, raspa
2 ms. smør
2 ms. olivenolje
Ferske urter, hakka

Havsalt og pepar


*Legg tomatdelane på eit steikebrett med bakepapir. Hell på olivenolje og strø med havsalt og pepar. Steik i omnen i 15-20 minutt ved 220°C.

Smelt smøret med olja i ei sautépanne over middelsvarme. Ha i brokkolien og steik i 5-10 minutt. Smak til med havsalt. Ha i spinaten og steik i omlag eitt minutt.
Ha i kapersen og cherrytomatane. Ta omlag 1/3 av grønsakene or panna. Ha i spagettien, og skru ned varmen til låg. Ha i geitemjølka, dekk til panna og kok i 1-2 minutt. Smak til med salt og pepar, og fordel på fire tallerknar. Ha så på resten av grønsakene og urtene. Strø på litt ost, og server.


~~~


Vårsalat
Oppskrift av © Marion Fløysvik

*Ingrediensar*
500 g. spinat, rensa
150 g. granateplefrø
100 g. fetaost, i betar
150 g. steikte valnøtter
3 ms. valnøttolje

1 ms. balsamicoeddik
Havsalt og pepar

Bland spinaten, granateplefrøa, fetaosten og valnøttene saman i ein bolle. Bland vanlnøttolja, balsamicoedikken, havsaltet og peparen saman i ein liten bolle. Hell blandinga over grønsakene, og bland saman.

0 kommentar (ar):

Legg inn en kommentar

Photobucket Photobucket Photobucket