Google Statistics fortel meg at berre 20% av bloggtreffa på Ferdakost kjem frå Noreg, så eg tenkte eg skulle skriva ein liten etnohistorisk tekst til våre utanlandske venar, så dei kunne få vita kvifor Noreg i det heile tatt eksisterer. Og så er det jo eigentleg ei ganske koseleg forteljing, så de har ikkje vondt av å høyra han de heller.
15. mai 2013
Lakseburger med geitost og tomatrelish
Google Statistics fortel meg at berre 20% av bloggtreffa på Ferdakost kjem frå Noreg, så eg tenkte eg skulle skriva ein liten etnohistorisk tekst til våre utanlandske venar, så dei kunne få vita kvifor Noreg i det heile tatt eksisterer. Og så er det jo eigentleg ei ganske koseleg forteljing, så de har ikkje vondt av å høyra han de heller.
9. mai 2013
Flaggkake, for 17 mai
Hallo
folkens,
Eg hadde
håpa på å dela fleire oppskrifter med dykk no som eg endeleg er
heime igjen, men eg er visst ein latare bloggar enn eg trudde eg
var... To veker er ganske mykje, så I dag kjem eg med ei kake.
Sjokoladekake. Sjokoladefudgekake. Er eg tilgjeven? Så bra.
Sitron- og valmuefrøpannekaker
Våren
har kome seint til Jæren i år. Så trist.
Eg
har nettopp kome heim frå Paris, ser du, der blomar blomstrar
overalt,
blada er
grøne
og vêret varmt.
Berre for å understreka poenget mitt vil eg poengtera at
fleire menn
bruka gatene som deira personlege toalett, ei sida av
Frankrike eg
absolutt ikkje kjem til å sakna. Seriøst. Gå
på do. Og
ver
venleg og ikkje tiss i metrotrappene. Ver så snill.
Men
her
heime er alt brunt, og det blæs og regnar,
som om det ikkje
var april. Altså, me har ein sein vinter. Som betyr at eg
held meg
innandørs. Det eg eigentleg meiner er: late morgonar. Med
andre ord:
Pannekaker.







